Espeland Fangeleir

Takk til våre sponsorer


Fortelje for ikkje å gløyme: tidsvitne frå nazistanes konsentrasjonsleirar

I høve Holocaust-dagen 27. januar kjem Jakob Lothe til Espeland fangeleir for å fortelje om møter med tidsvitnar frå nazistanes konsentrasjonsleirar.

 

Foredraget byrjar 18:30

Bill. kr. 50,-

Det vert servert varm gløgg

 

 

 

 

Konsentrasjonsleirane har vore vårt fremste bilete for den industrialiserte menneskjeforakta. Dei har vist kva som i siste instans vil skje i ein kultur som ikkje ærar det universelle menneskjeverdet. Med den politiske utviklinga i seinare tid, synast diverre tidsvitna frå desse ubegripelege leirane å vinne aukande aktualitet. Vi treng å sjå det einskilde og verdige menneskje i møtet med den avstumpa, radikaliserte og stupide valden. Professor Lothe vil leggje vekt på boka Kvinnelige tidsvitner (2013), men og snakke litt om boka Tidsvitner (2006), og då særleg dei to tidsvitna frå Telavåg.

 

Jakob Lothe (f. 1950) er norsk litteraturvitar og professor i engelsk litteratur ved Universitetet i Oslo. Han er utdanna ved Universitetet i Bergen og University of California, Santa Barbara. Han har vore gjesteforskar ved University of Oxford, Harvard University og University of Cape Town. Han har skreve og redigert ein rekke fagbøker, og er medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi

Kontaktperson:

Tor Dishington Johansen

Mobil: 90 12 16 76

Mail: fangeleir@gmail.com